Om prosjektet

Bloggen

Tysnes kommune byggar nytt mellomtrinn ved Tysnes skule. Denne bloggen er ein informasjonskanal for elevar, foreldre, naboar, tilsette, politikarar og andre som er intressert i å følgja prosjektet. Det vil månadleg komma oppdateringar knytt til framdrift og elles informasjon ved behov. I tillegg vil me ta sikte på å legga ut bilder når me har moglegheit for å visa progressjonen i prosjektet.

Til kvar oppdatering vil det vera eit kommentarfelt der det skal vera låg terskel for å stilla spørsmål relatert til posten eller prosjektet og få tilbakemelding. Kommentarar vert moderert og skal vera relatert til tema.

Prosjektet

Prosjektet Tysnes skule mellomtrinn (TSM) går ut på å rive eksisterande mellomtrinn og gymsal ved Tysnes skule og bygge nytt mellomtrinn. Dagens mellomtrinn er kopla saman med ein svømmehall og ungdomstrinnet. Det nye mellomtrinnet som skal byggast er fråkopla svømmehallen, men fortsatt kopla saman med ungdomstrinnet.

Kontraktsarbeidet omfattar komplett riving av beskrevet bygningsmasse, oppføring av ny bygningsmasse med tilknytning til eksisterande bygg, noko arbeider i eksisterande bygningsmasse, opparbeiding av utearealet og alle tilhøyrande arbeider som følgjer av desse tiltaka.

Alle tiltak skal utførast som komplette løysingar, der alle areal er ferdige og klar til bruk ved overlevering.
Entreprisa inneheld også ei oppgradering av vassforsyninga inn til området og ny overvasshandtering ut av området. Skulen skal vera i drift gjennom heile prosjektet, og totalentreprenøren skal derfor levera komplette midlertidige lokalar til skulen i den perioden det er naudsynt.


Nøkkeltal nybygg:
Nybygg 1 etg ca. 1070 m2 BTA
Nybygg 2 etg ca. 1050 m2 BTA
Totalt areal nybygg: ca. 2010 m2 BTA


Nøkkeltal ombygging og oppussing eksisterande bygg:
Ombygging 1. etg ca. 120 m2 BTA
Oppussing 2. etg ca.. 110 m2 BTA
Totalt areal ombygging/ oppussing: ca. 230 m2 BTA


Nøkkeltal utomhusanlegg:
Trafikal sone i nord inkl parkeringsplass og skuletorget: ca. 7040 m2
Aktivitetsområde i sør: ca. 14520 m2
Totalt areal utomhus: ca. 21560 m2


Vidare kjem ei kort oppsummering av planane frå forprosjektet. Desse kan endra seg noko når prosjektet skal detaljprosjekterast.

I andre plan vil det bli etablert ny hovudinngang frå parkeringsplassen. I dette planet ligg det eitt trinnareal med eigen inngang og garderobe, kontorarbeidsplassar for tilsette, personalrom, kontor for kulturskulen, rom for mat og helse, kantine og amfi. I tillegg får administrasjonen og skulehelsetenesta nye lokalar i eksisterande ungdomsskulebygg.

Plan 2. etg

I fyrste plan vil det bli etablert to trinnareal med eigen elevinngang og garderobar, amfi og rom for musikk og kulturskulen.

Plan 1. etg

Utandørs vil det bli etablert ny og større parkeringsplass for bilar og på- og avstigning til bussar. I tillegg vert uteområdet opparbeida med nye vegar, leikeområder og sosiale soner rundt skulen.


%d bloggere like this: