Prosjektoppdatering

Det er høgt aktivitetsnivå på Tysnes skule for tida. På anlegget blir det jobba med å opparbeide terrenget rundt bygget og fullføre dei plasstøypte betongarbeida. I dag kom også fyrste leveransen av rammeverket i stål som blir montert fortløpande. Arbeida med ny vassleidning er også godt i gang langs fylkesvegen og vil sørgja for eiFortsett å lese «Prosjektoppdatering»

Halvårsrapport til formannskapet

Under kvart møte får formannskapet ein kort orientering om status og framdrift i prosjektet. I møte komande torsdag vert det lagt opp til ein halvårsrapportering som er litt meir omfattande enn det som vanlegvis blir gitt. Her er saksframlegget som vart sendt ut i forkant av møte. Tysnes skule mellomtrinn – Halvårsrapport til formannskapet 10.09.2020Fortsett å lese «Halvårsrapport til formannskapet»

Arbeid i gang- og sykkelstien

No begynner arbeidet med å legga ny vassleidning til Tysnes skule. Den nye leidningen skal ligga i gang- og sykkelstien frå avkjørsla til Tysnes kyrkje og opp til skulen. Arbeidet skal ferdigstillast innan 30.11.2020. I denne perioden vil det bli arbeider i gang- og sykkelstien med gravemaskinar og anna tungt utstyr. Det vil i heileFortsett å lese «Arbeid i gang- og sykkelstien»

Riving av mellomtrinnet

No er det meste av mellomtrinnet revet frå innsida og det er berre trevirke og betong som ligg igjen. Leidningar er dratt ut, golvbelegg er riven av, gips er plukka ned, vindauger er tatt ut og ventilasjonsaggregat og kanalar er plukka ned og sortert for gjenvinning. I dag byrjar resten av rivinga som skal gjennomførastFortsett å lese «Riving av mellomtrinnet»

Prosjektoppdatering

Sjølv om det er spesielle tider med heimeskule og undervisning på nett, går arbeida med å byggje eit nytt skulebygg til alle kan samlast igjen framover. Etter litt venting på offentlege løyver til å sette opp det midlertidige skulebygget, er no den prosessen godt i gang. Utvendig er modulane sett saman, og dei innvendige arbeidaFortsett å lese «Prosjektoppdatering»

Det midlertidige skulebygget

Det midlertidige skulebygget er no levert på skuleplassen. Bygget kjem frå Austevoll der det vart nytta under ombygginga av Austevoll ungdomsskule. Bygget står no til oppbevaring og vert sett saman så snart alle formelle løyver er i orden. Når det vert sett saman blir bygget plassert slik: Innvendig vert det sjåande om lag slik ut:

Kontrakten er signert!

I dag vart kontrakten med totalentreprenør Leigland Bygg AS signert for bygging av det nye mellomtrinnet ved Tysnes skule. Kontrakten har ein verdi på om lag 70 millionar kroner eksklusiv meirverdiavgift. Etter signeringa hadde me eit kort oppstartsmøte saman med representantar frå Tysnes skule der me hovudsakleg drøfta oppstarten av prosjektet. Arbeidet med detaljprosjektering tekFortsett å lese «Kontrakten er signert!»

Velkomen til prosjektbloggen

Tysnes kommune byggar nytt mellomtrinn ved Tysnes skule. Denne bloggen er ein informasjonskanal for elevar, foreldre, naboar, tilsette, politikarar og andre som er intressert i å følgja prosjektet. Det vil månadleg komma oppdateringar knytt til framdrift og elles informasjon ved behov. I tillegg vil me ta sikte på å legga ut bilder når me harFortsett å lese «Velkomen til prosjektbloggen»