Fremhevet

Arbeid i gang- og sykkelstien

No begynner arbeidet med å legga ny vassleidning til Tysnes skule. Den nye leidningen skal ligga i gang- og sykkelstien frå avkjørsla til Tysnes kyrkje og opp til skulen. Arbeidet skal ferdigstillast innan 30.11.2020.

Leidningstrase

I denne perioden vil det bli arbeider i gang- og sykkelstien med gravemaskinar og anna tungt utstyr. Det vil i heile perioden vera mogleg å gå forbi, men for å avgrensa konflikt mellom gåande og maskiner vil arbeide starte etter skulen startar om morgonen. Når elevane er ferdig på skulen og skal heim vil det bli ein pause i arbeidet til elevane har gått eller sykla forbi.

Dersom du skal passera når det pågår arbeid er det viktigaste å sørgja for å vera synleg og bli sett av dei som utfører arbeidet.

Ein god regel å hugse på er å vente til du har fått blikkontakt med dei som arbeider før du passerer.

For å vera synleg bør alle nytta refleksvest.

For køyrande langs vegen vil det i periodar bli innsnevra til eitt køyrefelt. I desse periodane vil køyremønster bli regulert med trafikklys.

Det vil komma ny informasjon fortløpande dersom det blir endringar undervegs.

Prosjektoppdatering

Det er høgt aktivitetsnivå på Tysnes skule for tida. På anlegget blir det jobba med å opparbeide terrenget rundt bygget og fullføre dei plasstøypte betongarbeida. I dag kom også fyrste leveransen av rammeverket i stål som blir montert fortløpande.

Arbeida med ny vassleidning er også godt i gang langs fylkesvegen og vil sørgja for ei trygg og stabil vassforsyning og tilstrekkelig sløkkevatn ved brann.

Halvårsrapport til formannskapet

Under kvart møte får formannskapet ein kort orientering om status og framdrift i prosjektet. I møte komande torsdag vert det lagt opp til ein halvårsrapportering som er litt meir omfattande enn det som vanlegvis blir gitt. Her er saksframlegget som vart sendt ut i forkant av møte.

Tysnes skule mellomtrinn – Halvårsrapport til formannskapet 10.09.2020

SAKSUTGREIING:
I samband med prosjektet med nytt mellom ved Tysnes skule skal formannskapet holdast oppdatert undervegs i prosjektet. I kvart møte ligg det derfor ein kort rapport vedlagt til referat, skriv og meldingar. I tillegg er legg me opp til ein halvårsrapportering som går noko meir i detalj og som blir løfta som ei eigen sak for utvalet. Denne rapporten gjeld frå januar til august 2020 og vil ta føre seg tema for:
 Sikkerthet, helse og arbeidsmiljø (SHA)
 Tid og framdrift
 Endringsordre
 Økonomi
 Avklaringar og avgjersler.

SHA
Byggherren har det overordna ansvaret for SHA etter byggherreforskriften. I prosjektet har me valt å nytta ein ekstern koordinator for SHA-arbeidet for å gjera denne rolla uavhengig av resten av prosjektleiinga. SHA-koordinator deltar på vernerundar, sikker jobb-analysar (SJA) og gjennomfører meldte og umelde tilsyn av byggeplassen.

Det er rapportert om 27 RUH (rapport om uønskte hendingar) i prosjektet sidan oppstart. Ein av desse har ført til lettare skade og påfølgjande fyrstehjelp med fråvær inntil tre dagar. Det er gjennomført fire sikker jobb-analysar (SJA). SJA er merka på framdriftsplanen på førehand av aktivitetar som er utanfor dei normale og regelmessige arbeida eller spesielt risikofylte oppgåver. I tillegg vert det gjennomført SJA etter behov etter dei same kriteria.


Nøkkeltal knytt til SHA:
Antal arbeidstimar frå byggestart 4640 timar
RUH 27 stykk
SJA 4 stykk
Førstehjelpsskade 1 skade
Ubetydelig miljøskade 1 hending
Sjukefråvær inntil tre dagar relatert til arbeid
eller arbeidsmiljø
1 skade


Det har vore ei hending knytt til det midlertidige skulebygget som ikkje er rapportert som ein RUH hos entreprenøren, og som derfor ikkje er ein del av oppsettet over. Denne er rapportert etter Tysnes skule sine rutinar for avviksrapportering. Denne hendinga var ein elev som ramla i ei av trappene til plan 2. Det er verksett tiltak der det vert bygd komplette nye trapper med lengre inntrinn og mellomrepos for å gjera desse betre og tryggare å gå i. Desse er produsert og vert montert etter skuletid ein av dei nærmaste dagane.

Tid og framdrift
Framdrift er i samsvar med hovudframdriftsplan revisjon A datert 29.06.20. I samband med oppstart av prosjektet var det forseinkingar på ein del aktivitetar. Dette skuldast mellom anna lang sakshandsamingstid for byggesak og samtykke hos arbeidstilsynet saman med ein del utfordringar knytt til utanlandsk personell i samband med Covid-19. Arbeider vart forsert for å ta igjen denne og ved oppstart på byggeplass etter ferien var arbeida igjen i samsvar med hovudframdriftsplanen.


Følgjande milepælar er passert og fullført (ferdigdato i parantes):
 Sette opp midlertidig bygg (01.05.20)
 Tilrigging av byggeplassen (20.03.20)
 Riving (15.06.20)
Følgjande milepælar er under arbeid (ferdigdato i parantes):
 Grunnarbeider (29.09.20)
 Betongarbeider bygg (07.01.21)
 Etablering av ny vassleidning og overvassleidning (29.10.20)

Følgjande milepælar ligg i nær framtid (oppstart i parantes):
 Stålarbeider (14.09.20)
 Montering av hulldekker (02.10.20)
 Tømrararbeid (26.10.20)

Endringsordre
I prosjektet er det så langt godkjent 10 endringsordre. Desse utgjer totalt ein kostnad på kr 1,92 millionar der om lag 1,44 millionar er kostnader som vert ført i prosjektet. Desse
endringane inkludera bestilling av opsjonane i prosjektet.


I budsjettkalkyla for prosjektet er det sett av 4,9 millionar til endringsarbeid, risiko og
avsetning for uføresette kostnader.

I tillegg til dei godkjente endringane vert det jobba med å avklara kostnad og omfang på ein endringsordre på grasarmering. Innspelet kjem frå Tysnesfest som ynskjer å armera deler av grasareala slik at desse betre vil tole belastninga festivalen påfører. Tysnesfest har signalisert at dei ynskjer å søka finansiering av dette tiltaket og dekke kostnadane med det.

Økonomi
I rekneskapen er det påløpt 13,01 millionar frå 01.01.2020 til 31.08.2020. Det er i år
budsjettert med totalt 60,6 millionar.

Kontrakten med totalentreprenøren er på 69,96 millionar. Ein større del av desse kostnadene vil nok komma i 2021 enn det som var estimert under handsaming av budsjettet for 2020. Derfor vil kostnadane i prosjektet vera under budsjett i år, men midlane må overførast til
neste års budsjett.


Vidare kjem rekneskapen per 31.08.20 i prosjektet:

Avklaringar og avgjersler
Fjernvarme til Tysneshallen
Som ein del av prosjektet skal varmesentralen ha kapasitet til å levera fjernvarme til
Tysneshallen og løysinga skulle prosjekterast. Utføringa var ikkje ein del av prosjektet, då ein finansiering av tiltaket ville diskvalifisert ein eventuell søknad til Enova om stønad.

Under detaljprosjektering av løysinga vart det klart at det vil krevja eit omfattande arbeid å klargjera Tysneshallen for å motta fjernvarme frå den nye varmesentralen. Tysneshallen er førebudd for eit flisfyringsanlegg som levera heilt andre temperaturar enn ei moderne, energieffektiv varmepumpe. Dette gjer at alle komponentane i Tysneshallen måtte bytast ut for å tilpassast til andre temperaturar. Varmepumpe med tilstrekkelig kapasitet var allereie bestilt, men det vidare arbeid med å etablere fjernvarme til Tysneshallen vart avslutta.


Det vert klargjort stussar for fjernvarme i teknisk rom, slik at me seinare kan nytta oss av
overskotskapasiteten i varmesentralen. Desse kan truleg nyttast til å forsyna bassenget
dersom det vert gjort ein større oppgradering av varmeanlegget der.


Trafikksikring i samsvar med trafikksikringsplanen
Tysnes kommune har fått tildelt eit tilskot på om lag kr 100 000 for å sikra gang- og
sykkelveg til Tysnes skule. I denne traseen skal det leggast ny vass- og overvassleidning til skulen og det hadde vore hensiktsmessig å gjennomføra trafikksikringstiltaket samstundes.


Det vert ikkje mogleg å sikra dette strekket med autovern grunna breidda på fortau og veg. Fortauet treng minst 2,5 meter breidde for å kunna vedlikehaldas (ink. brøyting) og då vert vegen vesentleg smalare i dette området. Derfor vart det søkt om tilskot til å heva fortauet med ein profilstøypt kant.


Etter ein omfattande dialog med Vestland Fylkeskommune kan det sjå ut som dette blir
vanskelig å gjennomføra. Tiltaket må detaljprosjekterast med komplette tekniske planar for tiltaket. I tillegg må det utarbeidast ein gjennomføringsavtale der Tysnes kommune mellom anna må stå som garantist for arbeida i fleire år. Det er utfordrande med tanke på tid og kapasitet å få dette på plass før arbeidet med vassleidningen er fullført.

Instilling frå rådmannen

Formannskapet tek halvårsrapportering i prosjekt Tysnes skule mellomtrinn til orientering.

Frå 1960 til 2020

Skulen som no vart riven vart sett opp i 1959-1960. Bileta under syner det same bygget og er tatt med 60 års mellomrom.

Frå rivinga av mellomtrinnet
Bileta frå 1960 er publisert av Ole A. Dalland på facebooksida «Tysnes før i tio».

Skulen vart tatt i bruk til skuleåret 1960-1961 og kosta då kr 662 000 å byggja. Den inneholdt mellom anna «5 klasserom, skulekjøken, sløydsal og handarbeidsrom for gjenter».

I galleriet under kan du sjå fleire bilete frå skulen var ny og rivingsarbeidet.

Riving av mellomtrinnet

No er det meste av mellomtrinnet revet frå innsida og det er berre trevirke og betong som ligg igjen. Leidningar er dratt ut, golvbelegg er riven av, gips er plukka ned, vindauger er tatt ut og ventilasjonsaggregat og kanalar er plukka ned og sortert for gjenvinning.

I dag byrjar resten av rivinga som skal gjennomførast med gravemaskin. Takstein og betong skal gjenbrukas lokalt, og blir til fundament for det nye bygget.

Prosjektoppdatering

Sjølv om det er spesielle tider med heimeskule og undervisning på nett, går arbeida med å byggje eit nytt skulebygg til alle kan samlast igjen framover. Etter litt venting på offentlege løyver til å sette opp det midlertidige skulebygget, er no den prosessen godt i gang. Utvendig er modulane sett saman, og dei innvendige arbeida står att før bygget er klart til bruk om nokre veker.

Det midlertidige skulebygget under oppføring

I klasseromma i mellomtrinnet som skal rivast rakk elevane å dekorera veggane ein siste gong før skulen stengte.

Klasserom i mellomtrinnet

Etter kvart som me flyttar utstyr og inventar ut frå mellomtrinnet begynner rivinga av det eksisterande mellomtrinnet. Når det skal rivast må mykje plukkast ned manuelt og sorterast for gjenvinning før gravemaskinar kan overta jobben når det stort sett er betong igjen.

Det midlertidige skulebygget under oppføring

Det midlertidige skulebygget

Det midlertidige skulebygget er no levert på skuleplassen. Bygget kjem frå Austevoll der det vart nytta under ombygginga av Austevoll ungdomsskule. Bygget står no til oppbevaring og vert sett saman så snart alle formelle løyver er i orden.

Når det vert sett saman blir bygget plassert slik:

Plassering midlertidig bygg

Innvendig vert det sjåande om lag slik ut:

Kontrakten er signert!

I dag vart kontrakten med totalentreprenør Leigland Bygg AS signert for bygging av det nye mellomtrinnet ved Tysnes skule. Kontrakten har ein verdi på om lag 70 millionar kroner eksklusiv meirverdiavgift.

Etter signeringa hadde me eit kort oppstartsmøte saman med representantar frå Tysnes skule der me hovudsakleg drøfta oppstarten av prosjektet. Arbeidet med detaljprosjektering tek til allereie i januar, og det fysiske arbeidet på skulen tek til i februar.

Du kan lese meir om kontraktsigneringa hos Bladet Tysnes (abo).

Velkomen til prosjektbloggen

Tysnes kommune byggar nytt mellomtrinn ved Tysnes skule. Denne bloggen er ein informasjonskanal for elevar, foreldre, naboar, tilsette, politikarar og andre som er intressert i å følgja prosjektet. Det vil månadleg komma oppdateringar knytt til framdrift og elles informasjon ved behov. I tillegg vil me ta sikte på å legga ut bilder når me har moglegheit for å visa progressjonen i prosjektet.

Til kvar oppdatering vil det vera eit kommentarfelt der det skal vera låg terskel for å stilla spørsmål relatert til posten eller prosjektet og få tilbakemelding. Kommentarar vert moderert og skal vera relatert til tema.

Du kan lesa meir om prosjektet her.