Det midlertidige skulebygget

Det midlertidige skulebygget er no levert på skuleplassen. Bygget kjem frå Austevoll der det vart nytta under ombygginga av Austevoll ungdomsskule. Bygget står no til oppbevaring og vert sett saman så snart alle formelle løyver er i orden. Når det vert sett saman blir bygget plassert slik: Innvendig vert det sjåande om lag slik ut:

Kontrakten er signert!

I dag vart kontrakten med totalentreprenør Leigland Bygg AS signert for bygging av det nye mellomtrinnet ved Tysnes skule. Kontrakten har ein verdi på om lag 70 millionar kroner eksklusiv meirverdiavgift. Etter signeringa hadde me eit kort oppstartsmøte saman med representantar frå Tysnes skule der me hovudsakleg drøfta oppstarten av prosjektet. Arbeidet med detaljprosjektering tekFortsett å les «Kontrakten er signert!»

Velkomen til prosjektbloggen

Tysnes kommune byggar nytt mellomtrinn ved Tysnes skule. Denne bloggen er ein informasjonskanal for elevar, foreldre, naboar, tilsette, politikarar og andre som er intressert i å følgja prosjektet. Det vil månadleg komma oppdateringar knytt til framdrift og elles informasjon ved behov. I tillegg vil me ta sikte på å legga ut bilder når me harFortsett å les «Velkomen til prosjektbloggen»